
Rusletur til Bøen i Austbygde!
Den tradisjonelle vårturen er sundag 3. juni. Frammøte er på tidlegare Bøen skule kl. 11.00.
(PS! Vet du ikke hvor du skal møte, klikk på Bøen skule, kart blåser du opp, og du ser skulen midt på kartet)
Dette blir ein lett rusletur. Ta med niste så tek vi matpause og orientering
i tunet med flott utsikt som krydder til maten.
Bøen gardane er eldste garden i Austbygde Og der er mykje historie å friske opp.
Austbygde Foredragslag avheld sin årlege kjentmanns- rusletur. I år er det gardane i Bøengrenda som er målet. Sitat frå Tinnsoga II, s. 86» Bøen- gardane ligg høgt og fritt med vidt utsyn. Det er midtstaden i bygdi. Her som fleire stader var det truleg frå fyrsten berre ein gard med fleire oppsitjarar. Dei budde i kvar sitt hus med jordi i sameige»
Me les meir om Bøen. Der var m.a. Tingstad, og på Bøen er det mykje historie som vi skal snakke om.
Vi har her staden for det store bondebryllaupet i 1846 som Jørgen Mo skreiv om. Og det var her storspelemannen Brynjulf Olson kom frå Numedal og erobra gardjenta og overtok heile «store Bøen».
Og vi skal høyre om at Bøen har fostra opp ein misjonær som drog fyrst til Amerika og derifrå til Kina og misjonerte i nesten 40 år i ei svært uroleg og farleg tid der borte.
Så arbeider vi med ein del innslag som vi håpar gjeng i lås, men det får me sjå på korleis går med samkøyringa. Men vi trur det er verdt å setja av denne sundag føremiddagen den 3. juni for å friske opp lokalkunnskapen og for å sjå på ein utsikt over Tinnsjå og bygdene rundt som er eventyrleg. Som vanleg: Ta med matpakke og drikke så tek me føremiddagsmaten i tunet på Torkjellsbøen, eller om det blir regn har me fått lov å koma inn på låven. Det kjem annonse noko seinare.
Austbygde den 22. mai 2018
Halvor Lurås